Fyrste tur i 2011

  • Dato: 02.01-11
  • Kajakk: NDK Romany
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: reserveåre (thygesen stormåre) Vest, slepeline, mobil, fjellduk og naudpakke
  • Bekledning: Devold ull, IR unionsuit og tørrdrakt
  • Formål: Forbrenning av fårefeitt grunna overdreve inntak av pinnekjøt
  • Lengd/varigheit: Ca. 6 Km / Ukjent antal timar

Dagens rute

Eit nytt padleår startar å minusgradene har blitt til plussgrader, eller iallefall null. I julegave fekk eg film/fotoutstyr, tjukkelestar, nokre plagg med Devold samt 5kg rundt beltestedet. Alle desse gavene må brukast på tur.  Klokka 11:30 møtte eg Jon-Oli, Mildrid og Olea på Jensholmen, Olea er for tida på båtjakt å eg veit at ho har Dex i tankane så dermed fekk ho låne den i dag. Då lyt eg padle Romany noko som eg lett kan gjere sjølv om Dexen er grombåten.

Gjengen la avgarde i strålandes veir utan nokon anna plan en å padle vekk noko fårefeitt. Eg kjende raskt at eg har vore inaktiv i ei tid for kroppen var stiv som ein stokk å teknisk padling var relativt krevande. Eg stoppa hist og her å tok nokre bilde å prøvde å filme litt, midt i ein av filmseansane oppdaga eg brått at minnekortet i kameraet mangla. Det må bety at det sit att i pc’en heime, etter den oppdaginga slutta eg å filme å ta bilete å tenkte med meg sjølv at dette kan eg ikkje gløyme igjen. Difor har eg ståle bilete frå Lillesorte (Mildrid), når vi nærma oss enden av Herøy støtte vi på nokre små etterdønningar frå nyttårshelga sine herjingar. Tanken falt då snøgt over på om det kansje lot seg gjere å få leike litt, så etter litt guiding i bortgjømde viker la vi kursen ut mot opnare hav å eit lite skjær. Brotta var ikkje det heilt store men store nok til at dei som ikkje hadde brottpadla før fekk prøve seg i trygge forhold. å dei var gode nok til at dei litt meir røynde fekk øve seg på å lese bølgene slik dei fekk surfe over nokre steinar i opninga på sundet mellom skjæra.

Olea på dagens største bølge

Etter nokre tura både inn og ut gjenom sundet mellom skjæra måtte vi sjølvsagt ha den obligatoriske HKK pausa. Vi valgde å nyte maten i utkanten av Herøy amfi, å som det alltid er med HKK så kjem ruskeværet når vi tek pause. Å like typisk som at veiret kjem under pausa så skin det av igjen når vi kjem oss attende i båtane. Vi valgde no å legge kursen tilbake til start sidan dagen lakka mot kveld. Stivheita som var i kroppen ved start hadde no forsvunne å alle var rett nøgde med dagen. Eg har som mål å padle mange turar i 2011 å den første turen går inn i historia som ein fantastisk tur.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: