NDK Gourmetpadling

Sidan Lille sorte og Co. ikkje kunne vente til NDK’ane var klar så la vi ut på ein ettemiddagsgourmettur på trass.

  • Dato: 23.02-11
  • Kajakk: NDK Romany
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: Reserveåre (thygesen stormåre) Vest, slepeline, mobil, fjellduk, naudull og naudpakke
  • Bekledning: Devold ull, IR unionsuit og tørrdrakt + softshellbukse og Ushanka(bjønnafitte)
  • Formål: Trass og matauk
  • Lengd/varigheit: ukjent km. / ukjent t.

Matauk på Kjeldsund... Foto: Tomas Paulsen

Mildrid, Lidun og Jon Oli hadde ikkje tid til å vente på oss karane med NDK. Skuffelsen var då stor men vi bestemte oss fort for å ta igjen med å legge ut på tur for å ete god mat i all si hovudsak. Ja der var og litt utstyrstesting med i biletet sidan Tomas hadde handla inn div effekter som sto klar for prøving.

Tomas trossar is og kulde

Vi satte ut på Kjeldsund i ein iskald vind å klargjeringa blei ei heller kald affere, eg måtte til å ta på hanskar medan vi styrte med pakking og slikt. Iallefall Når karane hadde pakka NDK’an sine ein Romany og ein Explorer HV var vi klare til å bekjempe den kalde vinden på staden. Vi rakk akkurat å få den siste timen med sol før ho gjekk bak aasen ned, å då blei det kaldt må vite! Sidan Sunnmøre har våre råka av ei lengre kuldeperiode med lite vind var der store parti med tjukk is. den lot seg ikkje bryte på dei aller fleste plassane men litt isbryting blei det jo.

Soli går bak aasi ned... Foto: Tomas Paulsen

Vi for liksom litt rundt utan mål og meining å prøvde oss på forskjellige isbelter med forskjellig iskvalitet. Stort sett berre for tjukk og for sterk. Å vinden gjor det heile til ei kald oppleving. Men karane hadde ein plan! her skulle det etast i store mengder, leirplassen som HKK ofte har nytta før var i dag ikkje særleg innbydande grunna is. Det hadde lat seg gjerte men vi orka ikkje, så vi la ut på søk etter ny plass for dagen. vi padla forbi nokre forblåste plassa r før vi fann ei lun hole mellom nokre steile bergveggar, vi kom oss snøgt iland å masse utstyr i form av mat, kokeeffekter og sjlvsagt fjelldukar sidan det var så kaldt.

Dagens meny

Forrett

Ispadling i kald vind

 

Middag

Asia inspirert svinegryte Ala NDK

Mykje cayenne og karri var der å finne så karane skulle få att varmen.

Dessert

Vi rauk på ein klassikar i form av:

Tine’s Creme brulee

Med nytrekt espresso attpå

 

Det pepprast for å auke smaken…Foto: Tomas Paulsen

Vi sat der og kosa oss å gjekk i eit med naturen i fjelldukane våre heilt til fjøra gjor tilbaketuren litt meir strabasiøs enn det vi strengt tatt trengde på denne kalde dagen! Men på tross av kulda, isen og fjøra padla 2 stk NDK padlarar attende til start i skumringa og vinden. å begge var samde om at det hadde våre ein gild tur!

litt bevegeleg bilete blei det og:

Dagens visdomsord:

Dei tøffaste i HKK padlar sjølvsagt NDK

 

NDK... Foto: Tomas Paulsen

Advertisements

2 responses to “NDK Gourmetpadling

  • lilleSorte

    Bra at det blei tur på dokke også. For oss sto valet i dag mellom føremiddagstur eller ingen tur, så då måtte det bli føremiddagstur. Synd vi ikkje kunne slå følge i dag, men kjenne ej oss rett, so blir det ikkje lenge til vi fæ en ny sjanse 🙂

  • Eld

    Det går seg nok til skal du sjå 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: