For min del testtur av reparert Dex, i innlegget før er beskrivelsen av den omstendelege behandlinga Dexen har fått. I dag var dagen for å teste ut om egenskapane i båten hadde forandra seg enten til det betre eller dårlegare
- Dato: 20.02-11
- Kajakk: Skim Dex.
- Åre: Werner Shuna
- Sikkerheit: Reserveåre (thygesen stormåre) Vest, slepeline, mobil, fjellduk, naudull og naudpakke
- Bekledning: Devold ull, IR unionsuit og tørrdrakt
- Formål: Sosialisering, teknikktrening, tur og sjølvsagt testing av Dex
- Lengd/varigheit: Ca. 12 km. / Ca 4 t
Mildrid, Lidun, Jon Oli, Jan, Jørn og eg møttast i strålandes soslskin på Osnenssanden i Ulsteinvik. Det var ein stad i mylla 4-6 kalde å påkledning å pakking av kajakk førte med seg nokre kalde hender, men det var vel det einaste negative å spore denne dagen.
- Foto: Mildrid Flø
Etter gruppefotoseanse la vi ut med godt mot mot Håkonsholmen, eg kjende at bassengøkta på fredag sat litt i kroppen å tok det då litt roleg under overfarta i eit forsøk på å mjuke opp musklaturen. Når vi var ferdig med dagens fyrste krysning var eg mjukare å klar til å prøve Dexen litt. Det fyrste som slo meg var at båten hadde blitt mykje stivare å virka derfor litt meir responsiv en den har gjort tidlegare men forutenom det virka Dexen slik den alltid har gjort. Med andre ord så har ikkje ca 3 kg matriale i form av 6mm glasfibermatte med epoxy, topcoat i tjukke lag og hardtop i form av 2 tynne lag noko å seie for egenskapane og gangen i ein kajakk. Heller tvert imot, så då veit eg det når eg eingong i framtida må gjenta operasjonen enten på Dexen eller Romanyen eller forhåpentligvis på ein annan grombåt. Båten har dessutan fått mykje betre gli på snø enn den har hatt tidlegare i vinter, men eg reknar med at det ikkje varer så lenge.
Eg starta som sagt på teknisk padling langs land på Håkonsholmen men det gjekk ikkje lenge før eg fekk beskjed om å snu attende. For bak meg hadde Inge komt resande i skjærgårdsjeepen sin for å sjå til utegongarane sine så då var det tid for ein liten prat.
Så la vi på nytt iveg med teknisk padlings langs land heilt til vi fekk nok ei kryssning over til Byholmane for so å krysse over til Vattøya. når vi kom på utsida av Vattøy møtte vi nokre dønningar, dei var ikkje raske å ei heller store. Men dei var store nok til at der var muligheiter for leik på gitte stadar. På fyrste minibråttet var der ei lagune som freista meg veldig men dønningane var for små å laguna var for steinete, så der måtte eg gi meg. Men før Jan prøvde å herje seg over skjæret på utsida hdde eg klart å få laga nokre striper på ei ellers perfekt underside på Dexen.
Når vi no hadde fylgd land eit stykke til kom vi til turen si store hending. eg fann ein plass der dønningane vaks ganskebra før dei slo tilbake etter eit møte med ein steil bergvegg. Der låg eg å kosa meg ei heil stund, men det må gå gale til slutt, eit lite skjær rett utfør bergnabben blei plutseleg tørt å bugen hang fast. Returesjøen frå bergveggen satte meg i sopass ubalanse at støttetaket svikta å min fyrste velt i 2011 var no eit faktum. Eg har trena iherdig på rulla i basseng og litt i hav, i bassenget rullar eg på 9,5 av 10 ruller i havet rullar eg godt utan fullt utstyr. Med full vinterhabbit har eg hatt store problem med avslutninga på rulla mi. Men her låg eg då oppned inne i ei lita bråttsone med eit steinet skjær rett foran cockpit, kva gjer ein då? jo ein prøvar å rulle, å jagga ska du vite at eg måtte til å le ein skvett når eg plutselig sat og pusta frisk og kald O2 igjen. Eg trekte meg ut av sona for å ta imot litt skryt å for å fortsette turen, Men då kjem sjølvsagt den største dønninga på heile turen å lagar ein sjøsprut som ingen hadde sett maken til den dagen, joda gøy var det men eg var ikkje lenger der det skjer… Resten av rundinga av Vattøya gjekk smertefritt føre seg med mykje øving på nye og gamle teknikkar før eit lite matauk å kryssning tilbake til Hreidslandet å retur til Osnenssanden.
Dexen fungerte iallefall over all forventning å eg har heldigvis klart å byrje på oppstripinga og nedslitinga av den igjen. Denne våren kan ikkje bli anna enn bra…
Legg att eit svar