- Dato: Ca 03.02-11 – 18.02-11
- Kajakk: Skim Dex
- Åre: Nada
- Sikkerheit: gummihanskar, ruller, malekostar og sparkelspadar
- Bekledning: ferdig herja fjellbukse og ukurant genser
- Formål: auke levetida på kajakken
- Lengd/varigheit: Ca. 2 veker
Etter eit par års uvøren bruk (les herjing) har Dexen blitt slitt. Undersida av båten var full av skrap og sår av forskjellig art og det som var att av gelcoat var heller lite. Knekkspanta hadde fleire større skader i form av gelcoatchip og knasande glasfiber og kjølstripa som eg la når eg fekk båten var meir eller mindre totalt vekkslipt.
Det var tydleg for alle som fekk saumfare den at her måtte noko gjerast. Det heile starta med at vi fekk kome inn på lokala til Astor plast, men der fekk eg berre tørke båten for dei hadde ikkje anledning til at vi kunne halde til der i lengre perioder. Så då forflytta vi oss til ei lånt garasje. Herding av epoxy gjekk ikkje etter planen grunna kulde og mangelfull kunnskap. Torvik som og skulle fikse sin Rockpool reiste då til Skorpa Fiberglas for å få råd angåande herding og anna småpjask, gleda var då stor når vi begge blei invitert innomhus. Vi fekk med andre ord halde til i eit lokale der dei hadde alt vi trengde av utstyr og matriale samt ekspertise på glasfiberarbeid.
Ekspertisen fekk då saumfare min kajakk å den var såpass medferen at dei meinte at einaste fornuftige løysing var å legge ny/meir fiber på heile botnen. Så min plan om å legge ny gelcoat blei raskt og brutalt forkasta. Sidan botnen av Dexen var ekstremt slitt var det ikkje nødvendig med ekstrempussing før vi la ny matte, så vi pussa fort og gale å målte opp eit passande stykke glasfiber. Å metta det heile godt heilt til ekspertisen på staden godkjente det heile. så var det berre å reise heim å la herdinga gå sin gang.
Gelcoat. Gelcoat er ikkje egna til reprasjon av båt, noko eg ikkje viste då eg fekk Yst ute til å anskaffe 2 kg gelcoat av produsent. Eg trudde fyrst at eg måtte til å kjøpe topcoat til å dekke fibermatta. Men neida, for gelcoat kan nemlig enkelt byggast om til topcoat. Heksekunsten var ikkje verre enn å tilsette voks så då sto eg der men nylaga topcoat å mala i tjukke lag. Dagen etter skulle dette pussast ned, men eg var på jobb når Torvik reiste utover, Sidan han ikkje kunne gjere så mykje på sin eigen båt så var han so snill å pusse ned min slik at den var klar for hardtop når eg kom ut. (takk for den)
Hardtop er ei eller anna form for topcoat men den har meir glans og gir eit hardare lag enn topcoat. (om eg forsto dei rett vel og merke) vi blei anbefalt å legge 2 lag med hardtop. eg slapp tilogmed å reise på butikken å kjøpe hardtop sidan dei hadde ein skvett i rett farge ståande frå ein tidlegare produksjon av bøyer. Så då var det berre å sette igong med lag 1 den eine dagen å pussing å lag 2 den andre. ny natt med herding før eg reiste utatt å snudde båten for fylling av nokre småsår og nokre skruhol på dekket på båten.
Har gelcoatchip i hekken og baugen å fire fine skruhol bak cockpit, skruhola stammar frå eit sjølbergingsystem som er på alle Skimbåtar. Det er der for åreposeredning, åreposereddning er i seg sjølv en fin ting men eg føler at ein ikkje treng dette systemet for dekkslinene gjer same nytta. Å dessutan gjor desse stroppene cowboyredninga litt vanskeligare for spruttrekket og låra mine dreiv å hekta seg fsat i redningssystemet så eg skrudde vekk heile opplegget å sat att med fire hol som i tilegg lak. Eg har tidlegare fylt desse hola med epoksy, så dei var tette men synlege. ville først dekke desse hola å skadene med hardtop, men det var før eg viste at gelcoat kan byggast om til sparkel også. Man tar då å tilsett voks og «sand» i gelcoten å endar då opp med sparkel, etter att oprasjonen var utført så oppdaga eg at sparkelen minkar så eg har no nokre fordjupningar på hola og skadene. men eg skal kansje fylle desse med hardtop å rekna då med at alt blir fint.
Når eg no blir ferdig med det heile sit eg att med ein båt som er stivare, tyngre og sterkare enn den var. Ikkje engong ein ny Skim vil være sterkare enn denne. så eg er dermed den stolte eigar av ein Berserker-Dex, nokon betre? Gledar meg stort til søndag når eg får testa farkosten på vatnet. Eg har ståltru på at egenskapane som eg likar ved Dexen er fortsatt tilstades å eg trur desutan at den kansje tilogmed er betre enn før sidan den no er stivare.
testberetning følger…

Herpa Dex. Her har eg smurt inn dei djupaste skadene med vinylester for å styrke fiberen som er skada

Ferdig med å legge 6mm. glasfibermatte

6mm. Glasfibermatte

Det ligg no eit tjukt og ujamnt lag med topcoat

Topacoat

Topcoat

Topcoat nedpussa, vasking pågår

1. lag av 2 med hardtop

1 av 2 lag hardtop
Bilete av ferdig resultat med dei fyrste ripene fylgjer ved eit seinare høve…
Legg att eit svar