Kvite markar og strålandes sol, ut på tur…

  • Dato: 13.02-11
  • Kajakk: NDK Romany
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: reserveåre (thygesen stormåre) Vest, slepeline, mobil, fjellduk og naudpakke
  • Bekledning: Devold ull, IR unionsuit og tørrdrakt
  • Formål: Når snøven ligg på markane å sola skin, då er det berre ein ting å gjer.
  • Lengd/varigheit: Ca.  6 Km / 3 T

I dag blei det ein liten impulstur på meg og Jon Oli, av en eller anna grunn som eg ikkje kjenner til blei det Eiksund. Sidan skeget til Jon Oli var fryst å bak luka mi var ganske full av fryst bassengvatn brukte vi litt tid på å kome oss på vatna. Men når det endeleg var gjort så var alt fint, Vi var usikker på kvar vi skulle fare. Heilt til Jon Oli spurte om eg hadde med kaffi i dag, svaret måtte bli ja å då meinte han at vi burde padle mot «laguna» for å finne ein bra plass for kaffirast i sola. Ja OK!

Krysning med eingong sa eg, berre for å gjer noko anna enn det vi brukar å gjere i dette området. Vel overkomne måtte vi innom ei vik med en lekter som er litt artig å padle under. Vi får nemleg godt undervanssyn under den, botnen er mest sand og lite liv men der er massevis av sjøstjerner å havet får eit flott grønskjær der. Så berre derfor må vi under, men vika var full av is så her måtte karane brøyte seg fram til lekteren. I tilleg måtte vi knuse masse is på andre sida av lekteren for å snu slik at vi slapp rygge tilbake.

Ferda gikk vidare langs land mot «Laguna» å kaffirast. tempoet var bedageleg å stilen var leiken med ein smule teknikktrening for både Oli og meg.  Tidevatnbassenget inne i «laguna» var i dag straumlaust sidan det var flødande sjø og den magiske grensa var nådd. Så då kunne vi padle inn fleire plassar enn berre ein. sjølv om straumen der er liten så er det akkurat nok til at det er ein smule arti, så derfor vart vi ein smule skuffa. Men uansett no sku karane ha kaffi! Kjapp og uvøren ilandstigning, mat og kaffi rykkast ut av båtane å kokeseansen kan starte. Det er noko heilt eige å site i fullstendig stillheit å koke eller trekke om du vil ein blodfersk espresso ute på ein litan holme. Det heile blir meir ein sermoni framfør ei handling, så då kosar eg meg skal dykk vite.

Vi sat der på holmen å løyste mange verdensproblem å vi blei nok sitande lenger enn planlagt. Men kva er vitsen med å stresse ein solfylt søndag i februar, nei når ein fyrst har kava seg ut så må det nytast… Resten av turen gjekk over fjorden å en snartur innom Selvågane for å bryte meir is, før vi returnerte til Eiksund akkurat tidsnok!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: