Ettemiddagstur i Straumen

  • Dato: 27.01-11
  • Kajakk: NDK Romany
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: reserveåre (thygesen stormåre) Vest, slepeline, mobil, fjellduk og naudpakke
  • Bekledning: Devold ull, IR unionsuit og tørrdrakt
  • Formål: Må få erstatta klorvatn med saltvatn
  • Lengd/varigheit: Ca. 5,2 Km / 2 T

Ruta over dagens snartur

Sidan båtane mine er fulle i klorvatn etter dei siste bassengtreningane å eg ikkje har våre på tur på ei stund måtte ting skje. Eg måtte få lufte meg å båtane måtte få salt i sine sår. Sidan sunnmøringar er treige å spesielt treige no på vinteren drog eg med meg ein trønder på tur. Eg å Øyvind satte ut ifrå Leinevik havn utan nokon plan, Øyvind har ikkje so monge turar på baken som meg, å været var av ein slik art at vi valgde å padle inn i straumen. Der er vi trygge nesten uansett vær å no på vinteren er ikkje smågutane ute med båtane sine så då er Straumen bortimot utan farer.

Vi padla i fint driv å slappa heilt av i det friske veiret, då Øyvind oppdaga Otertunellen i ved Buholmlinja. Kan vi padle inn der var då spørsmålet, berre prøv kom det hardt og brutalt frå underteikna. Sidan eg er meir enn lommekjend i området viste eg på førehand at når vatnet er ved nesten full flod så går det akkurat. Det vil sei at der ligg at litt gelcoat frå Dexen i opninga på burtenden. Men Dexen er ikkje så godt vandt så han klagar ikkje. Men når stakkars Øyvind skulle attende måtte han ha tre forsøk for å forsere den vetle straumen å steinane. Men humøret og smilet var betre og større enn det var når han padla inn.

Men det var vel berre å fortsette i det vi runda Krøkja blei vinden ein anelse sterkare å Øyvind blei ein anelse trøttare i armane. Lynkurs i framdrift, kjapp 5minutt og so la karane på nytt ut mot eventyr. Eg tenkte at det er ikkje noke stort behov for å padle dei store lengdene så eg bestemde meg for at vi legg oss til i eit lite tidevatnsbasseng så eg kan vise Øyvind nokre teknikkar på grunt vatn, men neida har var vi for tidleg ute. Det var ikkje nok vatn i innløpet so teknikkane lyt vente til neste tur, Men kaffi og noko å bite kan ikkje vente. Maten blei inntatt sittande i kajakkane med utsyn inn på bassenget, rett som det var høyrde Øyvind ein lyd. Men kva slags dyr det var er det ingen som veit skummringa satte ein effektiv stoppar for det.

Maten vel overstått og på tide å vende baugen heimover mot meir mat og varme. Det hadde no blittt sopass mørkt at eg leita opp lykta mi slik at vi vart synlege for eventuelle båtar som forvilla seg inn i vårt domene. Vi hadde ikkje padla lenge i mørket før vår lettare bekymra mormor ringde for å finne ut kvar karane befant seg. Eg kunne då betrygge ho om at alt var under kontroll og at vi var på veg attende. Når vi sto på brygga å var klare til nedpakking av div utstyr slengde eg telefonen over til Øyvind slik han kunne opplyse familiens overhovud om at no var beina våra trygt planta på landjorda. Dette gjor godt for kropp og sjel å eg er alt klar for neste tur.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: