værmeldingane tilsa at Eiksund sto i fare for å få frisk bris i tilleg til at fjordane møtast på utsida av Eika. Dessuten skulle Yksnøya saumfarast for muligheite for vinterleg overnattingstur. Så då va valget enkelt.
- Dato: 09.01-11
- Kajakk: NDK Romany
- Åre: Werner Shuna
- Sikkerheit: reserveåre (thygesen stormåre) Vest, slepeline, mobil, fjellduk og naudpakke
- Bekledning: Devold ull, IR unionsuit og tørrdrakt
- Formål: bølgejakt, saumfaring av teltplass og testing av nytt film og foto utstyr
- Lengd/varigheit: Ca. 9 Km / 4-5 T
I dag var dagen då eg ikkje rakk oppmøte tidspunktet vårt. Men sidan eg alltid er fyrst på plass så er det berre rett og rimeleg at andre lyt vente på meg til forandring. Iallefall Eg og Mildrid sjøsatte vel ein time etter avtalt tid å alt var i sin skjønaste orden. Kameraet som eg glømte minnekort til på forge tur hadde no fått seg eit feste slik at vi kunne filme ifrå alle mulege vinklar som vi kunne finne på. Eit av måla med turen var å finne ut kvar på kajakken kameraet må stå ved seinare høve i surfesona. den oppgava gjekk vi straks til angrep på og vi løyste den på ein framifrå måte.
Plutseleg runda vi det første neset på Eika å var komen fram til punktet dern fjordane møtast. Medan vinden som Yr lovte oss uteblei så sørga fjordane for det dei ofte gjer. Nemlig skvalpesjø på akseptabel størrelse. noko som gav oss mange smil og fleire småsurfar, padling i skvalpesjø er noko av det kjekkaste som er å det kan lett by på mange utfordringar. Men røynde som vi er så var denne seanse berre hyggeleg. Når vi nådde Yksnøya kryssa vi over for saumfaring av muleg overnattingstad og ein kaffiskvett av type lang å stor.
Kaffi vel overstått kasta vi oss utpåa at for å ta knekken på resten av Eika. På siste enden av Eika er det ikkje lenger skvalpesjø å finne men nokre dønningaktige bølger som kursar rett på Eika slik at vi fekk ein fin seanse med medsjøpadling / surf på heile kryssninga. Når vi fylgde siste biten av Eika langs land fann vi mange stadar der sjøen dreiv oss oppetter berga for så å ta oss forsiktig attende til trygt vatn. På samtlege nes var der brytningar og surf å finne, like brått som sjøen kom bak fyrste nes kom svartestilla bak siste nes. Men det er ikkje negativt for på innsida av Eika er der eit mylder av sund, laguner og holmar så her kan me snirkle å øve oss på teknisk padling. Med andre ord så blei dette til Vinterens flottaste eventyr mad monge opplevingar deriblant ei lekse i livets harde realitetar i form av ein dau ungmåse.
Betre blir det rett og slett ikkje…
Legg att eit svar