Kald fornøyelse

  • Dato: 30.11-10
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Werner Shuna
  • sikkerheit: reserveåre (thygesen stormåre) Vest, slepeline, mobil, fjellduk og naudpakke
  • Bekledning: Devold ull, IR unionsuit og tørrdrakt
  • Formål: kome seg over dørstokkmila
  • Lengd/varigheit: Ca. 5 Km / ca 2-3 timar

Liten tur i Straumen

Grunna dørstokkmil å minusgrader har eg vegra meg for å leggje ut på tur, men no var det nok. So I 6kalde trossa eg og Øyvind alle gode råd å meiningar frå mødre og bestemødre å la ut ca kl 11:00. Sidan Øyvind ikkje er ein av dei Røynde padlarane i distriktet å ikkje har eige utstyr så blei det litt dill for å framskaffe full vinterbekledning men det blei til slutt. Etter ein del knoting av Romanytilpassing, senkekjøl, sete og Pedalar var fryst fast. Var vi endeleg å sjå på vatnent med kalde og støle kroppar grunna kulde, Eg hadde mista følelse i fingrane å Øyvind kunne ikkje kjenne beina sine. Vi orka ikkje knote med kalde spruttrekk for vi måtte få opp varmen, so då var det berre å padle.

Når vi hadde fått snirkla oss undre nokre kaianlegg å fingrane hadde begynt å livne igjen var det muleg å kjempe spruttrekket på plass slik vi slapp å få frostskader på beina. Det var eigentleg ein fin dag men heile idyllen blei rasert av ein ekstremt kald blest ifrå snødekte Sunnmørsalper, sidan eg er slik at eg tek på meg minst muleg kle så låg eg å bikka på grensa mellom for lite å passeleg. Så eg var vel ein smule kald heile turen. Etter litt so kjende eg magen ga beskjed om at frukosten var for skral, så då var det på tide å leite opp nista si. Gå i land å ete var uakseptabelt i denne kulda så då blei det mat i kajakk, noko som egentli er fint. Men når nista er nummeret før bunnfryst så blir det litt amputert. Sidan kroppen var kjøleg å nista var hallfryst hadde eg fått nok for i dag, strakaste kurs heim takk!

Når eg hadde fått krabba meg iland gjor eg mitt for at global oppvarming skal bli eit faktum. Start bilen slik den blir god og varm, så kan rydding av utstyr starte. Når endeleg båtane låg stroppa på taket hadde dei blitt glaserte å hendene var utan funksjon. Men då er det godt å sette seg inn i ein varm bil å køyre rakaste veg til ei mormor som har varm kamin, kaffi og vafler med sylte frå haustens plommeinnhausting. Eg veit nokon som kjem til å ha på seg meir kle på sine turar denne vinteren!

Sidan Kameraet blei drukna på forge tur så lyt dykk syte for bileta sjølve 😉


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: