Under isen

  • Dato: 14.11-10
  • Kajakk: Skim Dex
  •  Åre: Werner Shuna
  • sikkerheit: reserveåre (thygesen stormåre) Vest, slepeline, mobil, fjellduk og naudpakke
  • Bekledning: Devold ull, IR unionsuit og tørrdrakt
  • Formål: Isbryting
  • Lengd/varigheit: Ca. 9 Km / Ukjent antal timar

Kjeldsund. Dei kvite felta er isen vi måtte kjempe med

 

I dag satte underteikna, Mildrid, Jan, Tor Inge og Christian ut ifrå Kjeldsund planen var ein klassisk søndagstur men heile Kjeldsund og omegn var kraftig islagd.Så dei heile blei isbryting over lengre distanse før vi fekk kose oss med teknikktrening i ope vatn.

Istid på Kjeldsund

 Tor Inge, Mildrid og Jan sikta seg på ope vatne rimelig fort medan Eg og Christian valgde å bryte oss i runde innom holmane. Dei heile gjekk rimelig bra men etterkvart blei isen so tjukk at kajakkane havna oppå isen framfør det å bryte den sund. etter at vi hadde runda ein holme sikta vi oss inn på råsa til dei andre å slå fylgje med dei. Isen var tjukk å solid slik at vi måtte slå med stor kraft for å få åra gjenom isen å få feste. Like brått som lyn frå klår himmel traff eg eit svakare punkt i isen eller eit av hola som Christian hadde laga. Å velt med isbading som følge var eit faktum, eg prøvde å ta meg føre i isen for å sku meg oppat på rett kjøl men den var for veik. Eg rakk å rope helv**** for å gi signal til min medpadlar framføre. Når eg låg der under isen tenkte eg med meg sjølv: No må du ikkje få panikk unge mann slik at du havnar heilt under isen, for eg trur ikkje det er optimalt å leite etter eit hol som gir deg sårt ettertrengt O2. Så eg tok det roleg å utførte ein bedageleg våtutgong før eg stakk hovudet opp for å puste å få hjelp. Vatnet var uhyre kaldt å det å utføre ei kameratredning i ei smal rås med ope vatne å mykje is var ingen enkel sak. Muskelane stivna å krafta ver mest ikkje tilstades, når eg var nesten oppe på Dexen såg eg at snusen min var på veg ut av vestlomma. Den må reddast for ein kvar pris! redning på pausemodus å snusredning iverksatt. Når nikotinen låg trygt i handa fulførte eg redninga å vi var klar for å sikte oss inn på resten av gjengen.

Dette biletet blei tatt nokre få minutt får isbading var eit faktum.

Når vi nådde att dei andre tenkte eg at eg lyt ta eit bilete av gjengen. men då oppdaga eg at eg hadde klart å drukne kameraet mitt når eg låg å kava blant isflaka, so resultatet talar for seg sjølv.

Resultat etter oprasjon kameradrukning

Iallefall vi sikta oss inn på Hareidlandet for litt teknikktrening langsmed land. etter ei stund ville nokon av oss snu å byrje på den lange tunge tilbakevegen gjenom isen. Men då satte underteikna ned foten for eg må ha kaffi! så strandhugg var dermed eit faktum. Etter strandhugget sklei inn i historia som ei fin men kjølig hending padla vi oss attende mot isbeltet. Når utkanten av isen blei nådd såg vi til alles store glede at råsa ikkje hadde fryst saman. Foruten det faktum at Cristian tvinga Tor Inge ut av råsa ved ei par anledningar så gjekk resten av turen smertefritt føre seg.

I dag fekk eg erfare korleis ein velt blant tjukk is vil utarte seg, dette har eg ofte lurt på. Men no kan eg sei at dette er noko som ikkje er verken vanskelg eller farleg dersom ein held hovudet kaldt å klarar å kome seg oppatt rett ved kajakken slik at ein ikkje havnar under isen.  

Is so langt auge kan sjå

 Under isen


4 responses to “Under isen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: