Eiksund

  • Dato: 13.05.10
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, åreflotør, reserveåre(Thygesen stormåre), naudpakke og vest
  • Bekledning: Devold stilongs og tørrbukse, Devold T-trøye
  • Formål: Teknikktrening/kosetur
  • Lengd/Varigheit: ca 9 km /ca. ??t

Eg å Jon Oli hadde avtalt at vi skulle ta oss ein tur til Eiksund i fineværet. Det blei då Jon Oli, Mildrid, Olea, Trygve, Elin og underteikna som satte ut frå havna denne gong. Elin var ute for første gong og derfor noko spent, men etter eit lynkurs i ombordstigning tett etterfylgd av utførelse så var der bere eit stort smil og sjå. Så tryggheita kom fort så då var det bere å gi eit lynkurs i framdrift for so å legge ivei.

Vi satte kurs utgjenom moloen for å krysse over til Eika slik at vi kunne snirkle oss innom alle krikar og krokar som finnast der. Men vi oppdaga brått at Jon og Trygve låg att inn med land, Mildrid reiste då inn med slepelina. Så etter få straksar var vi samla att, men no opdaga vi nokre andre kajakkar ved stranda. Full gass inn og helse på, full gass på fjordkryssing og no kan snirklinga starte i strålande sol. Sidan Elin dreiv å svinga kajakken litt tenkte eg at det var på tide å gi ho nokre svingteknikkar slik det heile gjekk lettare.

 

Foto: Jon Oli Arnason

 

Etter ei lang og smakfull pause i eit tidevatnsbasseng oppdaga vi at der va ørlitegrand strum i opninga, dette må jo utnyttast. så litt leik blei det der. Før avreise blei ein av kajakkane kilt på tvers av straumen mellom to steinar. Eg prøvde først å legge meg ved sida av å sku laus, men einaste kajakken so bevega seg var min eigen. Sidan eg ikkje hadde tenkt meg ut av kajakken med det første valgde eg å prøve slepelina. klips på og full gass først tungt så lett så høyrde eg eit takk og alt var i skjønasten orden. Resten av turen gjekk smertefritt føre seg over fjorden at og snirkling attende til flytebrygga

 

Når ein møter brygger som delvis synk så kan eg ikkje styre meg, eg må oppå

Foto: Jon Oli Arnason

 

(Når ein møter brygger som delvis synk så kan eg ikkje styre meg, eg må oppå)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: