Søndagspadling med HKK på Kjeldsund (Høg kosefaktor)

  • Dato: 09.05.10
  • Kajakk: NDK Romany
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, åreflotør, reserveåre(Thygesen stormåre), naudpakke og vest
  • Bekledning: Devold stilongs og tørrbukse, Ulltrøye og skalljakke
  • Formål: Kosetur med matauk
  • Lengd/Varigheit: ca 4,1 km /ca. 4t

Søndagspadlinga i dag enda på Kjeldsund. I dag var det eg, Trygve, Jan, Christer og Mildrid som møtte opp i strålande sol. Mildrid hadde modda kajakken til Trygve med eit ror, roret var montert i låst stilling slik at Trygve fekk ein meir retningsstabil kajakk. Roret var eit forsøksprosjekt, ho ville teste om eit form for skeg ville hjelpe den unge og lovande padlaren å ein rettare kurs mot suksess.

Trygve var nok ein gong senteret for all oppmeirksomheit med sin bedagelege å leikne padlestil. Etter ca 100 m gav den unge padlaren beskjed om at han ville bli slept. Å nok ein gong klarar eg ikkje å la være, no når kajakken har ror/skeg var den mykje enklare å slepe. Kajakken hans følgde mi linje utan at han for hit og dit, så dette var stas. Men den behagelege padlinga tok brått slutt, for den unge lovande fann ut at han ville trene på styretak. Det førte til at han låg nesten på tvera bak meg å flytta mykje vatn, det blei ikkje større vanska av det enn at eg måtte jobbe litt meir. Sidan eg likar å følge konturane til land så kunne eg ikkje lavær sjølv om eg hadde eit vedheng. Å Vedhenget prøvde ikkje akkurat å styre unda landjorda så rett som det var hørte eg ein velkjent lyd av bøtteplast mot norsk solid gneis tett etterfølgt av ein velkjent latter. Ved eit tilfelle padla eg fjennom nokre smale passasjer i form av skjær, å Trygve enda då opp på eit av dei skjæra med ein høglytt latter å verdens største padlesmil. Eg padla det eg orka for at han skulle smette av men guten satt fast. Cowtailen på slepe lina strekte seg godt ut å drog meg kjapt og brutalt attende, då tok eg meg sjølv i å le litt å eg trur nok at mitt smil var like stort som Trygve sitt.

Foto Mildrid Flø

Christer var no klar for matauk å padla seg i kjent HKK stil rakt opp på land med baugen først. eg padla oppetter å sendte Trygve i same stil oppetter land, Der Christer tok imot å drog oppetter, Mildrid og Jan lunta litt meir forsiktig i land i tydleg NPF stil medan eg Benytta meg av den alltid bejeldelege Christer å fikk då like enkel ilandstigning som Trygve. I dag var der mykje gosdt og bite i. Lun sandwich, greske restar, norsk matpakke, Sveler, «konfirmasjonskake» saft, kaffi, espresso og kakao i strålande sol. Så no var stemninga høg, men brått kom regnet å vi måtte ete å pakke fort. Vi trekte lenger oppi land under nokre bjørketre som sto like ved, der reiv vi i oss meir svele, kake, kaffi og kakao. Rtterkvart blei vi litt kalde å Trygve skulle i selskap så vi måtte kome oss på vatnet att.

Foto: Mildrid Flø

Når vi var komne på vatnet tok Mildrid over tauejobben av sin bedagelege son, som ifølge henne slektar på faren. Ca 300 m. frå startstaden fekk Trygve oppleve sin først reelle velt. Litt panikk var der mens han  låg å venta på assistanse, eg var like ved å var snøgt på staden å fekk roa han ned. Eg prøvde å få han til å ta tak i min baug men han er ikkje drilla i kameratredning så det gjekk ikkje etter planen. Christer skaut då inn at han skulle hoppe opp på mitt bakdekk slik at han var ute av det kalde vatnet. Operasjon tøming kunne då iverksettast. Trygve sin båt er utan skott så dette ville ikkje bli enkelt, eg tenkte eg sklulle bruke kano metoden. (få båten oppå min heilt og fultt for så og snu oppned) Men først måtte slepelina løysast, Karbinen tiul Mildrid hadde eit hakk i låsemekanismen som hekta set i tauet på Trygve sin båt. Eg måtte då snu båten for å klare å få av lina hennar. Så var det tøming, men Trygve sin båt hadde ikkje dekksliner å ta tak i så når hans cockpit var oppe av vatnet så var der ikkje noko å drage i. I tilegg var alt vatnet rent bak i båten så eg fekk han ikkje lenger opp. Eg ga då beskjed til Christer om at han skulle legge seg i flåte får å drage båten lenger opp. Når båten var oppkomen var det fortsatt vanskeleg å få ut vatnet, Mildrid kunne då opplyse oss om at der var nygle på denne båten lik dei som elvebåtane har. Så då spretta eg den å vatnet strøymde ut sakte men sikkert. Under heile denne seansen satt Trygve bak meg å hadde det heilt fantastisk. Båt tømd, Trygve hoppa oppi å var særs nøgd med at han hadde velta, no hadde han nemleg noko å fortelje når han kom i selskap. Mildrid å Trygve blei no einige om at han skulle padle den siste biten på eigenhand, etter ca 100 m. padling høyrde vi i frå trygve at han ville velte igjen, Men Midrid kunne då fortelje at dei ikkje hadde tid for han skulle jo i selskap. Så skrekken hadde ikkej tatt Trygve på nokon som helst slags måte, eg kan med tryggheit sei at han blir å sjå på vatnet igjen. Resten av HKK fikk med dette ei særs nyttig øving, for vi fekk bekrefta vigtigheita i dekksliner samtundes som vi fekk bekrfeta våre mistankar om at det å tøme ein skottlaus båt ikkje er noko enkel affere. Mildrid var no bestemt på at båten skulle få både skott og liner sjølv dei skal selle den.

Foto: Mildrid Flø

Når Trygve å Mildrid gjekk iland kunne Christer medele oss andre om at han hadde fri ein time til, så vi tok oss ei lita runde til. I det vi la ut på ny tur kom ein bil med nokre kajakkar køyrande forbi, dette måtte sjekkast. Vi padla oss frampå å helste på dei, det viste seg å være sonen til eit par i klubben. Dei skulle ein liten tur utpå for å grille litt, vi spurde då om vi skulle vise dei ein fin plass å gå i land. Dei takka ja å vi padla utover mot vår leirplass frå tidlegare på dagen. Deretter la HKK kursen heimover mot middag å stuevarme, for mai på sunnmøre er ofte 4 fengande årstider på ein og samme dag å dagen i dag var ikkje noko unntak.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: