Mykje eting å lite padling / Utstyrstesting

  • Dato: 07.05.10
  • Kajakk: NDK Romany
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, åreflotør, reserveåre(Thygesen stormåre), naudpakke og vest
  • Bekledning: Devold stilongs og T-trøye samt tørrbukse
  • Formål: utstyrstest og middag
  • Lengd/Varigheit: ca 4 km /ca. ??t

I dag skein sola å det var god varme i lufta, førmiddagen forsvann i jakt på ny espressokokar å jakting på dekkstrikk. Dekkstrikk var ikkje å oppdrive i farge svart så det var ingen suksess.  Eg er ikkje heilt nøgd med dekksrigginga på Romanyen så her skal eg fjenoppfinne hjulet å gjere rigginga meir lik den eg har på Dexen. I tilegg så var ikkje skumsetet i Romanyen heilt etter mine ønske så i dag har eg plassert eit valley sete i den.

Valleysete

Eg har ikkje festa sete skikkelig, eg vil teste plasseringa i forskjellige forhold før eg gjer det. Så når jobben var gjort dro eg ned til Christer for å prøve å pushe på han skumsetet samt lokke han med på ein testtur. Han ville ikkje ha sete til anna enn inspirasjon til eit eigenprodusert.

Men testtur var han villeg til å delta på.  Faktumet var no at det lakka mot middagstid å eg hadde ein nyinnkjøpt espressokokar i bilen, dessuten så har vi mange turar med mindre velukka pauser. Vi måtte slå på stortromma å ta med stormkjøkken å legge ut på handel.

Testtur i middagstid meny

Forrett:

solskinspadling i lett bekledning

Hovudrett:

Biffgryte med sopp, lauk, paprika type grøn og soltørka tomatar

bada i ein fyldig fløytesaus

servert med valgfri fløytepotet og Romanysalat

Dessert:

Blodfersk espresso og Tines Creme brulee

Tilberedt i naturens kjøkken

Så Karane la ut ifrå Toftestøa med fullpakka kajakkar og godt mot. Været var fortreffeleg å bekledninga perfekt (så sant vi ikkje havna i vatnet) Kryssinga gjekk som ein draum, eg følte at sete var bra plassert å kajakken oppførte seg fint. Men på eine sida av setet var der bevegelse i hoftepaddinga, dette var nok fordi eg ikkje hadde festa det skikkelig. Eg har no 2 muligheiter. Muligheit 1 bore hol og skru fast, sikkert den beste løysinga men eg ønsker ikkje å bore i kajakken. Muligheit 2 skjære til minicell slik at eg kan kile fast setet i cockpiten, Det er denne løysinga eg kjem til å satse på. Da har eg muligheit til å nullstille heile moddinga med eit evt salg å eg slepp å plaste att hol dersom eg borar feil. Foruten om desse punkta så var der eit lite problem til, plassen i cockpitt hadde blitt mindre sidan eg no hadde skikkelit ryggstøtte. Eg er av typen som stiller rygg støtta såpass laust at den fungerar meir som ei rumpestøtte. Iallefall pedalane var no så nær at eg satt meir på ryggstøtta enn i setet, eg kom då høgare opp å det føltes ikkje heilt bra ut, dessutan sovna fotblada mine. Planen blei då å stille pedalar under etargildet.

Vel framme på Store Sandøy pakka vi ut all mat og alle matlagingseffekter. Dette skulle bli bra, å gjett om det blei maten blei perfekt å settinga blei betre. å som ein liten bonus på det heile så fungerte espressokokaren akkurat som eg hadde forventa å kaffien smakte betre enn eg hadde forventa. Så etter nokre fyldige timar på land kom tida for å pakke saman å reise heim, Pedalane blei flytta slik at eg kom ned i setet å alt blei perfekt. Etter kryssinga blei det ei lita ykt med teknikktrening før Thomas kom ramlande ut av eit naust for å sjå kva som no sto på. etter ein lang prat slengde vi båtan på taket å kjørte bor til Thomas for å fortsette praten. Alt i alt ein fin start på sommaren å standaren for framtidige turar er herved satt.

(fleire bilete kjem etterkvart)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: