HKK Nybyrjartur

  • Dato: 04.05.10
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Thygesen grønlandsåre/Werner Shuna
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, åreflotør, reserveåre(Thygesen stormåre), naudpakke og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med Devold)
  • Formål: Nybyrjartur
  • Lengd/Varigheit: ca 3.2 km /ca. 3t

I dag var der to Nybyrjarar som var klar for ein liten tur for å prøve ut  dette med Padling. Det blei då 3 stk frå HKK og 2 nybyrjarar. Ingen av dei hadde noko særleg erfaring så dette blei spanande. Vi brukte klubbens nyinnkjøpte kajakkar BD epsilon henholdsvis 200 og 300 medan eg sjølv «måtte» padle Dex sidan Isabell ville ha Romanyen. Vi valgde å gjera det enkelt for dei å la då ut ifrå fjøra framfør bryggja. Eg satte ut først slik at eg var sikring ved ein evt velt, Mr. Torvik hjalp dei ombord slik at det heile gjekk smertefritt føre seg. Begge fant fort ballansen å alt var i skjønnaste orden, den eine av dei hadde litt problem med framdrftstaka medan den andre meistra dette heilt fint. Vi tok då ei lita runde medan dei to på land kom seg i båtane sine. Straks alle var på vatnet la vi kursen innover straumen mot ei lita vik som er heilt fortreffeleg å gå i land i. Eg å framdriftslitaren blei liggande litt etter, eg spurde då om han vil bli slept eit stykke. Noko motvilleg takka han ja til dette, å gleden var då stor for underteikna. Taueøving er altid like kjekt, Eg padla då med ei Grønnlandsåre frå thygesen i min lille smekre Dex. Eg fant fort ut at ein liten Dex med ei lita thygesenåre ikkje er optimalt verkty for sleping av ein stor båt med ein stor førar i. Men sjølv om det blei ein del spinning med åras så gjekk det greit. Etter nokre hundre meter med spinning fekk eg skifte åre med Torvik, eg enda då opp med ei Werner shuna å det heile blei mykje betre. Dei siste hundre metera fram til vika fekk eg slepehjelp med Torvik. Vel inne i vika blei slepet avslutta å nybyrjaren fek ta siste rest sjølv.

Strandhøgg, Som det ofte er med meg og Torvik på tur så er strandhøgg nesten aldri planlagd så koseartiklane i form av kaffi og anna dig var heller labert. Eg å Torvik klarer aldri å planlegge turane våra dei blir ofte tatt på sparket med tilhøyrande mangel på strandhøgg artikklar. I dag blei vi einige om at vi skal skjerpe oss på denne fronten, eg tenkjer tilbake på morgonturen vår på 15 km utan noko anna å bite i enn ein sjokolade på deling med gru. Då blei vi tome for energi å dei siste 5 km var iallefall for meg eit blodslit.

Etter høgget la vi ut på tilbaketuren, han som blei slept store delar av turen fram padla nesten heile vegen tilbake på eigenhand. Det gjekk seint og smått, framgong var der likavel. siste biten heiv eg han på slepp at å alt var berre fryd og gammen. Eg har satt meg som mål at på slutten av denne sesongen så skal han bli ein dyktig padlar. Dette målet vil nok kreve mykje trening å tolmod men eg veit at eg har tolmodet på plass. Å eg trur at han har nok med tolmod til at vi skal klare det. Vilja å ballansen er der iallefall. så då blir det mange småturar med teknikk og kos i fokus i tida framover. Dette trur eg vi skal klare, eg gledar meg til å sjå padlegleda og kunnskapen vekse i han.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: