4 fengande årstider i Tjørvåg for HKK

  • Dato: 02.05.10
  • Kajakk: NDK Romany
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, åreflotør, reserveåre(Thygesen stormåre), naudpakke og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med Devold og IR union suit)
  • Formål: kos
  • Lengd/Varigheit: ca 7.5 km /ca. ??t

Hkk la i dag turen til Tjørvåg for ein fullstendig avslappa lavterskeltur. Olea, Mildrid, Jon Olli, Trygve å eg satte ut frå «syden» med mykje godt i lukene. Trygve som er HKK sin yngste aktive padlar ga fort beskjed om at han ville bli taua, eg var ikkje vanskelg å be. Opp med tauelina å klips på, turen var hervewd igong. Det var med eit stort smil og kalde hender eg taua ivei i den værste sluddbyga Herøy hadde sett, iallefall på nokre timar. Medan eg padla slik med kalde hender murra det ein tanke i hovudet mitt, tenk om eg hadde lagt pogiesane mine i luka istaden for under slitte dekkstrikk. Då hadde dei ikkje forsvunne å eg hadde hat varme hender eg no. Men alt etter ca 300-400 m padling skein det av med varme solstrålar å alle tankar blei berre positive. Men eg må seie at det å taue ein vinglete barnekajakk med innaktiv padlar oppi ikkje er som å taue ein sliten padlar i ein vaksenkajakk. Fordi at dåten var så liten at den for frå eine sida til hi konstant, slik at kursen min blei konstant skifta frå eine vegen til hinn. Men det heile gjekk alikavel greit, for vekta på slepet var ikkje så mykje å snakke om å nokre kjappe sveipetak retta kursen min rimelig kjapt.

Foto: Mildrid Flø

Foto: Mildrid Flø

Etter at vi hadde slepa over fjorden, gjenom «skumlesund» kom vi til «lunvik». Her slapp eg trygve laus slik at han kunne få padle litt på eigenhand. Etter litt padling i området ville han iland, gruppa blei då einige om at vi skulle forlate «lunvik» å padle over til «lisjeblink» Det heile gjekk fortreffeleg med untak av nokre strofer om å bli slept. Vi kom da med oppmuntrande ord og sa at han skulle få slep etter ar vi hadde våre i land hos lisjeblink.

¨Foto: Mildrid Flø

Etter «lisjeblink» seansen var over padla vi oss inn på nok ei lun vik med grunt vatn. Her blei det ein heil del teknikktrening for store og små. Støttetak, styretak og mykje overmodig kanting. Det var nemlig sopass grunt at om du kanta det over styr så var det bare å legge åra i bunn å vippe seg på rett kjøl att. Eg likar slike grunne viker for dei gjer teknikk trening sopass trygg at alle tør å utforske grensene for seg sjølv og sin båt. Inne i denne vika tok vi og ein velfortent rast med mykje godt mat og var drikke i steikande sol og sommarlege tempraturar. I det vi satte ut båtane astt for den siste etappa kom Kong vinter attende med snø og bitande kald vind. Takane mine gjekk då nok eingong over på mine kjære pogiesar som ligg å flyt ein stad på dei 7 hav.

Foto: Mildrid Flø

resten av turen gjekk utan noko nevneverdig vidare i solskin og vårfølelsar innatt til «syden» der fleire av oss tok eit lite bad før vi slengde båtane på taket å reiste heim.

Advertisements

2 responses to “4 fengande årstider i Tjørvåg for HKK

  • Magnus "Nordkapp" Nilsen

    Hei!

    Fikk min Romany levert på torsdag, og jeg digger båten allerede:-)Har en Kajaksport Artisan fra før, så jeg har langturene dekket der. Så på forumet at du nettopp fikk din også? Ser frem til å utveksle erfaringer i løpet av sommeren!

    Magnus

    • Eld

      Det høyrest ut som ein Plan. Det eg ser på som mest spennande er om det er Dex eller Romany som blir mest brukt. Har padla Dex i eit år no å den båten kan måle seg med Romany etter mitt syn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: