Jomfrutur med Romany (testing)

  • Dato: 01.05.10
  • Kajakk: NDK Romany
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, åreflotør, reserveåre(Thygesen stormåre), naudpakke og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med Devold)
  • Formål: Utprøving av båt / kos
  • Lengd/Varigheit: ca ?? km. / ca. ??


Då var tida komen for at eg skulle legge at Dexen på Biltaket å få prøve ut Romanyen. Romanyen er brukt å den forge eigaren hadde fjerna orginalsetet å erstattet det med skumsete fra NDK. Eg følte raskt at dette setet gav ei lavare sittestilling enn normalt, fikk då konflikt med sargkanten. Eg har Bestilt eit valleysete som skal inn å regnar då med at ditte problemet er elliminert. Ryggstøtta låg i dagsluka, eg brukar å stille ryggstøttene inn slik at dei er meir ei rumpestøtte enn noko anna. Men mangelen på Rygg/rumpestøtte va merkbart så ved kaffirasten min leita eg opp leatherman frå naudpakken å monterte støtta medan kaffien kokte.

Etter kaffirasten blei alt så mykje betre. Sidan eg hadde padla meg inn i skjerma farvatne for kaffirasten tenkte eg at eg skulle prøve ut korleis cowboyredning vil være på Romany i forhold til DSex. Fann då ut at Dex har skjemt meg bort, dexen er så lett å drukne at eg mest sym inn på dekk. Romany druknast ikkje lite lett å om ein er langt bak så blir den vinglete å tek lett in vatn, nei dette var ikkje lett her må noko gjerast. Guten lyt øve mykje med Romany gjenom sumaren. Etter eigenrednigtrening bar det rett ut at i bølgene for å prøve ut båten meir. Eigentleg var der ikkje noko negativt å seie på båten, den oppfører seg fint i sjø og vind. emn i forhold til Dex er der mykje å sette fingeren på, ikkje akkurat negativt men annaleis.

Kanting: Dex reagerer kjappare å den er enklare å kante. Men romanyen opphører svingen når kanting avsluttast ndet gjer ikkje Dex. Men begge er trygge å gode kantbåtar

Påvirkining av vind: Viden å sjøen i dag var ikkje sterk nok til at eg måtte kjempe med Romany for at den skulle gå på tvers av vind og sjø. Dex hadde vendt seg imot umiddelbart i dag. Motvindspadling var det ingen ting å seie på emn Medsjø blei ei vinglete erfaring utan kjøl med kjøl gjekk han snorrett. Dexen er heilt klart ein betre medsjøbåt.

Oppførsel i bølger: Her fekk eg ei oppvakning, Romany er stabil, trygg og god i sjø. Men sidan Dex har vore hovedbåt i eit års tid så har eg gløymt korleis ein rundbunna båt tar bølgene sidan Dexen er knekkspanta. Måten Romany tar bølgene på føltes nå noko ustabilt å uforutsigbart, Denne følelsen har eg hatt før. Det var då eg gjekk frå rundbunna til knekkspant, eg har rett og slett blitt meir van med knekkspant å per i dag føretrekk eg knekkspantet sin bølge oppførsel. Men eeg regnar med at eg kjem til å skifte båt hyppig i tida framover å vil då lære meg å mestre begge desse båtane i sjø.

Fart: Romany er lett padla men særs treg, så i tur samanheng med andre kjem eg nok til å jobbe meir enn alkle andre slik som eg gjor i aquanauten. Men eg har jo Dexen så på lengre turar vil nok den bli førstevalget.

Eg har ein del padding arbeid foran meg for eg følte ikkje at eg hadde like god kontakt med Romany som eg har i den mykje trongare Dex. Men dette vil med tida bli bra.

Hilken båt er best? Eg har rett og slett ikkje aning for begge er heilt fantastiske. Men det eg kan seie er at desse båtane er for med særs høgt oppe på topp 5 lista

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: