Påsketur i snøkav

  • Dato: –.03.10
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, reserveåre(Thygesen stormåre), naudpakke og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med Devold og Union suit)
  • Formål: tur
  • Lengd/Varigheit: ca 8,3 km. / ca ?? t.

Jensholm - Herøy - Bondestokksund

Eg og Edd la ut frå Jensholmen i strålandes vær, i det vi starta å ta båtar frå biltaket kom nokre filler med snø. Etter en hard vinter så var dette eit trist syn, men dei var så små at vi valgde å ta lett på det heile.

Båtane kom på vatnet og karane la i veg fillene som falt hadde no blitt til friskt snøvær men det blei fullstendig oversett. Ved enden av Herøy stoppa vi litt for å diskutere om vi skulle runde Herøy eller ta andre vegen mot Bondestokksund. Valget falt på Stokksund å i det vi runda neset blei det mykje tettare snø, sikta blei dårleg snøfnugg i augene og so tett at alt blei kvitt. Eg såg ikkje holmane som vi skulle padle mot, mendet var ingen fare for i dette området så går det heilt greit om en feilnavigerar for målet blir uansett oppnådd. I det vi glei innpå vågen i Stokksund snøva det so tett at kajakkane med førarar var snødekte, Under teikna savna hua si som blei glemt heime. Vi runda Bondestokksund å satte kursen mot Jensholm, Edd fortalte at det var kjekkt med kjentfolk i so tett snøkave for han hadde valgd ein kurs som til slutt hadde ført ham til Runde. Det var godt å klappe til kai å kome seg heim til eit varmt bad for dette var ein flott og kald tur.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: