Vårtur?

Etter ei tid der eg ikkje har loggført turane mine føler eg at det er på tide igjen. Dette er fyrste tur sidan Januar, grunna ein lang og hard vinter med mykje snø og minge minus har lysta på tur vore minimal. Men Eg satsar no på at vinteren er over slik at ein kjem seg oftare utpå.

  • Dato: 21.03.10
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Thygesen Grønlandsåre
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, reserveåre(Thygesen stormåre), naudpakke og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med Devold og Union suit)
  • Formål: Prøve forma/teknikktrening
  • Lengd/Varigheit: ca 9 km. / ca ?? t.

Straumen

Våkna i dag til sol og bris. Var då ikkje tvil i kvar eg skulle ete frukost, så eg pakka matpakke å satte kursen mot det blå.

Eg har ikkje fått padla sidan Januar så eg var litt usikker på forma, eg fekk snøgt kjenne på kroppen at eg ikkje har padla på ei tid, så det blei eit meget slapt tempo heilt til vinden i ryggen bestemte seg for noko anna. Turen skifta frå tekinkk langs land til medsjøpadling nokre meter ifrå. etter ei tid hadde eg blitt både svolten og kald i anletet grunna ein kald bris som gjor sitt for å tvinge meg i le. Å kunne nyte søndagsfrukosten sin i det fri er nok den beste måten å nyte den på.

Lunvik

Etter frukosten fortsatte eg mot motsatt ende av Straumen. Vel framme måtte eg ein tur ut i Herøyfjorden for å kjenne på vinden der. Men den var svakare der enn inne i straumen, grunnen er nok det at viden blir klemt mellom fjella i Straumen slik at den aukar i styrke. Sjøen derimot var større i fjorden, den var ikkje ekstrem men stor nok til at eg fekk meg nokre minisurfar.

Vel inne i Straumen at valgde eg å følge land på motsatt side, med vinden imot. Da fekk eg erfare kor lenge det er sidan eg har padla, for eg måtte verkeleg jobbe når vindkasta kom. Kasta var ikkje så ekstreme at dei stoppa meg men sterke nok til at eg måtte jobbe litt ekstra å uthaldenheita mi er ikke like god no som den var i januar. Det nærmar seg vår men kulda har vi fortsatt, når eg fekk vinden imot så blei eg så kald på hendene at eg måtte lure fra Pogiesane mine.

Når eg kom iland så var eg akkurat passe sliten å alt var topp, heilt til eg skulle laste båten på taket. Da var eg so flink at eg klarte å miste kajakken rett ned i asfalten så det small. Etter en rask sjekk kunne eg konstatere at der ikkje var skader av stort omfang, berre nokre få kosmetiske feil. Men det er slikt man må ha.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: