Meteorstormpadling

  • Dato: 17.11.09
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Nissen Grønlandsåre
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, reserveåre(Thygesen stormåre), lys og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med Devold og Union suit)
  • Formål: Nyte ein roleg mørkepadlingstur å sjå på meteorstorm
  • Lengd/Varigheit: ca 3 km. / ca 2 t.

Kjellsund med rute

I følge diverse instansar skulle det være perfekte forhold i kveld for å oppleve ein meteorstorm. Då tenkte eg at det må fantastisk å ligge å duppe i ein kajakk å sjå på dette spetakkelet.

Avtalte då med Are at vi skulle sette ut frå Kjellsund ca 21:30, med både kaffi, sjokolade å litt anna å bite i. På veg mot Kjellsund kom regnet eg kika då opp på himmelen å oppdaga at det hadde skya kraftig over, ikkje bra tenkte eg mens eg sat der i bilen min med green day på høgt volum.

Eg møtte Are på Kjellsund å vi lasta båtane å kasta dei på vatnet. Det hadde slutta å regne å vi kunne sjå ei opning i skydekket, vi øyna då ein sjanse for at det kunne bli meteorstorm på oss likavel. etter ca. 4min padling møtte vi en eller anna form for fiskebåt som sannsynlegvis dreiv med nokon form for notfiske. Vi hadde sjølvsagt begge god lanterneføring å vi blei oppdaga utruleg fort. Men eg trur nok at fiskaren lurte fælt på kva det var som kom sigande etter havet med lavtsvevande lanterneføring for han satte lyskastaren sin rett i augene på oss ved 2 anledningar. So vi kan trygt påstå at vi blei oppdaga i tide.

Når vi runda enden av Hestholmen fann vi ein kanal som var skjerma for vinden å der satt vi oss til med kaffi og mat for å nyte meteorstormen. Der var bere ei lita opning i skydekket å det einaste vi klarte å sjå var eit einaste stjerneskot. Så målet med turen blei ein smule amputert. Men vi hadde ein flott mørkepadlingstur med masse moreld nokre av desse var på heile 6 watt, så det vi ikkje fekk på himmelen tok vi igjen i havet. Alt i alt ein flott tur utan noko form for uønska hendingar å ein fin måte å avslutte dagen på.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: