Søndagstur med HKK

  • Dato: 15.11.09
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Nissen Grønlandsåre
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, reserveåre(Thygesen stormåre) og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med Union suit)
  • Formål: Dempe padleabstinensar / tur
  • Lengd/Varigheit: ca 6,5 km. / ca 2 t.
åLeinetur

Delar av Leinøy

Søndag er den offisielle padle dagen til HKK, planen var å sette ut i «syden» i Tjørvåg(syden er ei fin kvit strand) kl 12oo. Etter ein del om og mykje men blei det bere underteikna som satt ut frå Leinevika utan nokon plan. Men det går fint ann å padle åleine på ein klubbdag.

Medan båten låg ferdigpakka å klar for tur på brygga, kledde eg på meg  denne varme ettermiddagen. I det eg skulle ta på meg kjolen (spruttrekket) oppdaga eg at eg ikkje hadde det, det blei nok lagt feil ved forge klubbtur. Men ein ting var sikkert tur skulle det bli uansett. så eg tok på meg vesten å sjøsatte skuta mi. Lettare skuffa padla eg utover i roleg tempo. Det var meldt ein del vind i dag men den var ikkje å sjå.

I og med at det var meldt litt vind valgde eg å legge opp til ein lavterskeltur. For båten min ligg sopass djupt i vatnet at det ikkje skal store bølgene til for å skylle over den. Sidan eg ikkje hadde trekk så ville eg ikkje oppsøke bølger, så eg holdt meg innaskjærs heile tida.

Det blei som vanlig padling langsetter konturane til land, men eg hadde ein litt lei muskel i korsryggen så eg lå ikkje så tett inntil som eg brukar å gjere. Når eg kom fram til eit lite tidevantnsbasseng som var ei fin leikegrind i barndommen. eg såg at det var fjørande sjø, å eg huksa at der var nokre utløp i dette bassenget som var litt kraftige. Så eg padla meg fram til der dei skulle være, men eg måtte bere konstatere at ting var større før. Det hadde vore muleg å padla opp straumen om eg hadde vore der tidlegare på dag. Steinane i utløpet hadde nemlig sett dagens lys å stengde inngongen. Men litt leik blei det likavel, ikkje det heilt store men straum er straum.

Averøy very light

Fann meg ei lun lita vik å inntok nistematen før eg snudde om å padla tilbake til Leinevik. Returen gikk i litt høgare tempo å den leie muskelen hadde mjukna sopass opp at eg kunne gi på mot vinden å bere nyte det å være til. Vel hallvegs hadde eg blitt rimelig kald på låra, å kjende at eg savna spruttrekket mitt. Så det er bere å lite det oppatt fortare enn svint, slik eg slepp å vere redd for bølger å slepp å bli kald på låra.

Dei ekje kresen dissa blåskjela

Dei ekje kresne disse blåskjela

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: