Snartur til kvitneset

  • Dato: 01.11.09
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Nissen Grønlandsåre
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, reserveåre(Werner Shuna) og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med eit ullag)
  • Formål: liten leiketur
  • Lengd/Varigheit: ca 6 km. / ca 2 t.
Hareid

Brandal Med rute

Søndag blei eg med fleire invitert på innflytningsfest på Hareid, Men søndag er fast turdag i HKK. Det blei då bestemt at vi sett ut på Brandal å padla en tur før etargilde starta.

Eg, Christer, Anny, Christian og Are møtest på statoil for å kjøre i samla tropp mot Brandal. Medan vi holdt på med klargjeringa kom Isabell forbi, ho bestemte seg for å bli med.

Då var det 6 stk. som satte ut for å få seg ein skumringstur mot Kvitneset. Vi starta turen med å padle under ei kai i nærleiken, dette var ein kveld med litt sjøgong å under kaia blei det difor litt retursjø. Men det blei ikkje vanskeligare enn at dei heile kan betegnast som morsomt light.

På veg mot Kvitneset gjekk det i midtfjordspadling i ca 15 min. men då fekk underteikna nok å ga klar beskjed om at eg for inn i fjøra. Det var som sagt litt sjø så eg fann mange fine drag oppetter berga, då blei det leik i dag og då. Vel framme på Kvitneset fann vi oss eit smalt sund og der hadde vi ei kaffi og sjokolade seanse før retur til Brandal  i stummande mørke.

HKK inklusive meg MÅ bli flinkare å ta med lys på denne årstida, eg har i skrivande stund kjøpt meg ny lykt så dette skal bli bra i framtida.

Klar til tur

Rimelig klar for tur

Klar for etargilde

Rimelig klar for etargilde



Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: