Morgontur rundt Remøy

Oppe før fugl skit på jord å padlar seg ein tur.

  • Dato: 31.10.09
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, reserveåre(Nissen grønlandsåre) og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med eit ullag)
  • Formål:turpadling  ispedd rockkissing, teknisk padling mellom stein og litt surf
  • Lengd/Varigheit: ca 14 km. / ca 3 t.
Remøy

Remøy med rute

08:00 satt eg og Christer ut fra leinevika med det formål å få oss ein morgentur i stigande sol. Planen var ikkje meir detaljert enn det så ruta vart til undervegs.

Vi padla i roleg å behageleg tempo langsmed Leinøy medan vi kika på omgivelsane å prata om mykje og inkje. Vi padla oss inn på eit par små tidevannsbasseng men sidan det var full flod så var det ikkje nokon stor aktivitet i innløpa. I vaulen under brua møtte vi ein motorbåt som hadde våre ute å drege teiner, føraren viste seg å være ein frå den lokale dykkerklubben så vi blei sitande å prate litt. Han kunne fortelje at i løpet av natta så hadde ufine fiskararar vore på tokt i teinene hans så fangsten hadde blitt heller laber.

Etter praten satt vi der å lurte på kva vei vi skulle ta, det var minnimale havdønningar så nokon form for leik trudde vi ikkje at vi skulle få. Men uansett så blei vi einige om å runde Remøy. etter litt padling så møtte vi ein enslig Alkekonge.

Utan noko særleg om og men så knipsa vi nokre bilete å padla vidare. På baksida av Remøy var der nokre parti som var fulle av steinar grunna ras i ei svunnen tid. Her blei det å padle mellom og over desse steinane,  dette førte til mange ein skarp lyd av glasfiber mot stein og god øving på teknikkane. Her var og mini dønningar som skapte drag meollom steinane slik at det heile blei litt vanskeliagre.

I det vi  padla gjennom Rundebrua oppdaga vi at vi fekk større dønningar frå andre sida, ekstreme var dei ikkje men store nok til at turen blei noko heilt anna enn forventa. litt lenger inne var der nokre små holmar som dønningane braut på her klarte underteikna å få med seg ein fin sidesurf som vi kunne diskutere litt. Medan Christer prøvde seg litt i sundet mellom desse holmane kom ein kobb å stakk tranten opp for å sjå kva som her var på ferde. Når leiken tok slutt padla vi oss fram på eit skjer for å sjå på nokre sjøfugl som låg å kosa seg i brottsona, vi tykte det heile var litt merkeleg men lot dei surfe vidare for vi måtte kome oss i land for å få litt mat. Etter 5 min padling kom kobben att, han skulle nok bere sjekke at vi reiste vår veg slik at han kunne få jakte i fred. etter dett var det sol og flatt hav resten av turen.

Hjelmen er herved fast inventar i kajakken slik at ein har utstyret på plass når ein blir overraska av uventa brott.

Morgonsola kjem snikandes

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: