Fyrste solotur sidan HKK stifting / Rundt Bergsøy

  • Dato: 25.10.09
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Nissen grønlandsåre
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, reserveåre(Werner Shuna) og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med eit ullag)
  • Formål: Reinspikka turpadling
  • Lengd/Varigheit: ca 15 km. / ca 3 t.
Bergsøy med rute

Bergsøy med rute

Søndagen kom med strålande vær å ingen va klar til tur. Då bestemte eg meg for å ta ein lenge etterlengta solotur. Eg la ut i Leinevika i synkande sol med uortudoks reserveåre, Werner Shuna fordi Thygesen stormåre blei gjenglemt på Bulandet men den er i trygge hender å blir retunert (smilefjes). Eg burde hatt med lys sidan sola var synkande men lykta mi er defekt å eg har ikkje klart å kleie meg til å få ei ny ei. Men med det i bakhovudet så holdt eg god avstand til anna båttrafikk.

Vi er no inne i den årstida som gjer påkledning til ei mare, lufta er varm å vatnet er kaldt. Eg valgde i dag å kle meg etter lufta med eit ullag, hadde eg velta så er dette tilstrekkeleg ei lita stund. Men om eg hadde blitt i vatnet i lengre tid så hadde eg hatt problem, difor valgde eg å halde meg i symjeavstand frå land slik at det kunne være ei naudløysing om det skulle bli behov. Heldigvis slapp eg å bade i dag å det var heller ikkje planen.

himmelen hadde mange tøffe skyer i dag så eg padla godt bakoverlent med augene godt festa på skydekket store delar av del 1 av turen. Etter Kveldsmaten padla eg meir normalt, men eg oppdaga at eg ikkje er den turpadlaren som eg ein gong var. Fann eg gøyal formasjon inn med land så var eg snøgt heilt oppi land for å fylgje formasjonen. Dessutan så oppdaga eg at eg heilt utan mål og meining tok lave telemarksvingar, svingtag å hengetak på god avstand frå land. Det har seg vel slik at eg har blitt ein meir leiken padlar enn eg en gong var, å i så måte så leikar eg tur.

Eg reflekterte og litt over forskjellen på grønlandsåre og euroåre, gr. åre er mykje vanskelegare å ta styretak med enn eu åre. Men på same tid ei mykje betre distanseåre å den er på eit eller anna vis mykje kjekkare å padle med, å støtta i gr. åre er mykje betre enn euro åre så støttetaka er mykje tryggare.

Strålandes haustskrud

Strålandes haustskrud

Kveldsmat

Kveldsmat

Fullstendig album

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: