Haustsamling på Rangøy (laurdag)

  • Dato: 19.09.09
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Werner Shuna
  • Sikkerheit: Hjelm, Pumpe, slepeline, reserveåre(Thygesen stormåre) og vest, liten førstehjelpspakke
  • Bekledning: Tørrdrakt (med eit ullag)
  • Formål: Rulletrening og brottpadling
  • Lengd/Varigheit: Ukjent antal km. / ca 7-8t.

Hustadvik

Vi hadde oppmøte på sørsida av Rangøy, der møtte opp 14 stk derav var det 3 stk frå HKK Eg, Christer og Tor Inge.

Etter presentasjon av deltakarar padla vi i roleg tempo ut mot Håholmen med det formål å bedrive rulletrening, rulla har eg lært i samband med sklia og HKK sine bassengtreningar i vinter. Men eg har problemer med å overføre rulla til fullt utstyr, det virkar som om at det er tørrdrakten som stopper meg, fordi eg klarer den uten drakt eller i våtdrakt. Å heller ikkje på denne økta klarte eg det i tørrdrakt, men eg har aldri vore så nær så den kommer nok snart. Så rulleøkta førte til at eg fekk øve på egenredningar noko som alltid er ok å øve på.

Etter denne økta padla vi ut mot storhavet på jakt etter brott. Forholda var vindstille med store havdønningar ispedd med mini rotsjø i dønningane, dette er forhold som eg taklar fint i aquanuten men sidan eg hadde valt Dex på denne turen så blei det heile litt annaleis. Eg har ikkje padla dexen i slike forhold før så det blei mange støttetak medan vi padla rundt i dønningane på leit etter fine brott. Sidan det var flo sjø så var ikkje brotta so gode å mange av dei var ein sikkerheitsrisiko. Så store delar av tida før lunsj gjekk med til leiting framfør å bedrive brottpadling, men heilt fritt var det ikkje.

Etter Lunsj hadde fjøra starta så Brotta kom fram i dagen. Eg hadde dessutan fått betre føling med dexen slik at slapp å føle meg utrygg å ta støttetak heile tida, i tilegg følte eg at eg hadde blitt betre på støttetak enn det eg har vor før slik at eg våga meg til å kante båten mykje meir enn det eg tidlegare har gjort i tilsvarande forhold.Vi fann mange brott i timane framover, brotta var av forskjellig karakter i form av fluder, sund og undervannsskjær.

vi hadde komunikasjonsproblemer innad i gruppa noko som førte til nokre uheldige å unødvendige situasjoner, det førte til unødige diskusjoner og 2 samanstøytar. den første var eg innblanda i, eg vil ikkje legge skyld hverken på den eine eller andre i og med at eg trur begge partar oppfatta det heile på kvar sitt vis. Men uansett så vart eg den skadelidande parten, ej fekk baugen til den andre padlaren i hovudet og det førte til ein velt. men sidan eg klarte å sjå kva som kom til å skje før det skjedde så klarte eg å være klar til å ta støyten. Dette i samband med hjelmen førte til at eg kom frå det heile utan noko farlegare enn ein velt med tilhørandr kameratredning.

Den andre var på ein måte værre, for ein av dei andre padlarane fekk seg ein sidesurf i i bølge som var sopass mykje større en dei føregåande bølgene. Størrelsen på denn bølga førte til at den «trygge» sona  ikkje lenger var trygg. Så surfaren surfa rett inn i ein stilleliggande kajakk med det resultat at surfaren sin båt blei spidda i baugen.  Eg var då på vei inn i sona for å ta neste bølge, på motsatt ende av bølga vel og merke. Eg høyrde smellen men eg oppfatta ikkje at dei sat fast i kvarandre, sidan eg såg at begge padlarane var i god form så fortsatt eg inn i bølga. Eg blei då åleine i brottet å syntes dette var litt merkeleg, så etter nokre seriar så padle eg fram til flåten. Då fant eg ut at det var hull i surfaren sin kajakk å han trengde naudreperasjon. Eg hadde planar om å ta med gaffateip ut dersom eg hadde brukt aquanauten, til anna formål vel å merke. Sidan ingen andre heller hadde med gaffa så måtte vi fylle forskottet med åreposar, noko som fungerte heilt fint.

Begge desse hendingane har fått meg til å reflektere litt.  For det første burde vi hatt klarare og strengare køyrereglar enn vi hadde, grunnen til det er at vi kom i frå forskjellige miljø der alle tydlegvis hadde litt skilnader på korleis ein oppfører seg i brott. Eg fann dessutan ut at på slike turar bør gaffa og årepose være ein del av standarutstyret, så eg vil kjøpe meg ein årepose å passe på å ta med gaffa i båten.

etter fiksinga så var tida komen for å oppsøke straumen i området vi var på. Under overfarten til straumen fekk ein av padlarane krampe i armen så han måtte slepast eit lite stykke. Men sidan det var fleire av oss som hadde slepeline så var dette ei smal sak. vel framme i straumen møtte vi ei gruppe som dreiv å leika seg der, nokre av oss deltok i leiken medan andre av oss drog kajakkane sine opp i bassenget for å fylgje strumen i si heile lengde. Eg var en av dei som drog opp kajakken, problemt var at dei på nedsida ikkje oppfatta at vi ville ned slik at vi måtte sende ein man i land for å tøme straumen for folk slik at vi kunne kome ned utan å skade nokon andre enn oss sjølv. men det heile gjekk smertefritt føre seg.

etter dette var kroppen trøtt og sliten etter ein lang å opplevingsrik dag, så gruppa delte seg opp. Nokon  drog i land medan andre blei att i straumen ei stund til.

Brottet var ei blanding av skjer og sund

Brottet var ei blanding av skjer og sund

Flud/undervannskjer

Flud/undervannskjer

Skjer. Det var her begge samanstøtane fann stad

Skjer. Det var her begge samanstøtane fann stad

Advertisements

2 responses to “Haustsamling på Rangøy (laurdag)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: