Natt/kveldpadling i straumen

  • Dato: 09.09.09
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Nissen Grønlandsåre
  • Sikkerheit: Pumpe, slepeline, reserveåre(Thygesen stormåre), lys og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med eit ullag)
  • Formål: Teknisk padling
  • Lengd/Varigheit: ca. 5km. / ca 3t.
Straume

Straumen med rute

Eg Christer og Steven la ut frå Leinevik småbåt havn for å padle ein storm i møte med det formål å øve oss på padling i sterk vind i trygge omgivelsar. Stormen kom aldri så i staden blei det teknisk padling på flatt hav, utan vind i måneskin.  Eg skulle slå på haudelykta mi for at eg skulle vise igjen, men den hadde fått sopass med vannskade at den ikkje fungerte. Så hugs å sjekk utstyret titt og ofte er vel kveldens lærdom.

Steven prøvde seg på si fyrste satlvatnsrulle denne kvelden å det heile gjekk smertefritt føre seg, til stor glede og applaus. Etter litt padling fann steven ut at han skulle skaffe kaffi til oss, etter ei telefonsamtale med sin kjere så var avtalen at ho skulle møtte oss på ei brygge med nybrygga kaffi.

Når kafipausa var over så oppdaga vi at der var uvanleg sterk straum ved den eine brua i området. men det viste seg at den ikkje var så sterk som vi først trudde. etter litt styretakleik å liknande i straumen satte vi kursen heimover.

Vi møtte ingen denne kvelden å faremometa var fraværeande trass i at lysa ikkje fungerte denne kvelden. Så vi kan sjå tilbake på ein fin tur i måneskinet.

Buholmslinja i måneskin

Buholmslinja i måneskin


Kommenter innlegget