Rundt Herøy gard

  • Dato: 24.08-09
  • Kajakk: Thae Marine Reval Mini
  • Åre: Nissen Grønlandsåre
  • Sikkerheit: Pumpe, slepeline, reserveåre, lys og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt (med eit ullag, noko som blei litt for varmt. tynnare ull må anskaffast snarast)
  • Formål: Tur/snirkling langs land/ frisbeekasting
  • Lengd/Varigheit: ca. 4km. / ca 3,5t.
Startet på Jensholmen å rundet Herøy gard

Startet på Jensholmen å rundet Herøy gard

Eg, Anna, Anny og Christer la ut frå Jensholmen ca 19:30 for ein fin liten kveldstur, vi hadde med frisbee som blei brukt til mykje forskjellig tull. Været var varmt og vindstille med tilhøyrande flatt hav, å eg å Anna bytta kajakk for anledningen. Thae sin Mini var og ei fryd å padle, det er ein liten å leiken båt som reagerte på alle mine komandoer. Det førte til at eg ikkje har nokon særleg bekymringar med å sett meg ned i ein Mini ved ei anna anledning om det skulle by seg.

Vi hadde som alltid med slepeline og iallefall ei pumpe, å i dag fekk vi heller ikkje bruk for dei. Men det som kom godt med i dag var lys noko som vi også hadde klart å raske med oss.

Ellers gikk turen smertefritt innover i roleg tempo. Einaste hending som er verdt å nemne var vårt møte med eit lasteskip i akseptabel størrelse i skipsleia på utsida av holmen. Skipet skapte bølger som var store nok til å surfe litt på, men dei var i treigaste laget. så etter en «rask» surfetur så bar det i høgare tempo innat mot land for sjølvsagt så må alle på jobb att. Hadde det ikkje vore for det så var forholda slik at vi kunna padla longt inn i dei lyse morgontimane

Anna i min Dex og undertegna i hennar Mini (foto: Anny Goksøyr)

Anna i min Dex og undertegna i hennar Mini (foto: Anny Goksøyr)

Mr. Torvik synast at han er morosam (Foto: Anny Goksøyr)

Mr. Torvik synast at han er morosam (Foto: Anny Goksøyr)

Advertisements

3 responses to “Rundt Herøy gard

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: