Regntung kveld i Tjørvåg

  • Dato: 24.07-09
  • Kajakk: Skim Dex
  • Åre: Nissen Grønlandsåre
  • Sikkerheit: Pumpe, slepeline, reserveåre og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt
  • formål: Utprøving av ny båt og leik
  • Lengd/Varigheit: ca 5km – ca. 3t.
tjørvåg

Oversikt med Padlerute

Turen starta i ausande regn ein vindstille kveld på Kalveneset i Tjørvåg, med på turen var Anny og Are.  I dag var dagen der eg skulle gjere meg kjend med nye båten min så her kjem nokon erfaringar. Skim dex har liten grunnstabilitet men til gjengjeld så har den mykje og trygg sekunderstabilitet, den er grei+ i retningsstbilitet å den svingar som ein gud. Men når eg skulle prøve å rulle dexen (med grønlandsåre) så viste det seg at eg måtte sculle ned, for oppdrifta var for stor, men dersom eg velta bakover så gjekk det greit. Rulla gjekk ikkje denne kvelden men eg veit kvifor, eg hadde for mykjeoppdrift i åre, drakt og vest samstundes som at drakta mi stjel ein del bevegeligheit som eg ikkje heilt har lært meg å kompansere enda.

litt bilete frå den regntunge turen kjem under.

Limbo

Are filmar medan Anny å eg driv kajakklimbo

Lys i det fjerne

Det regna alt frå duskregn til trollkjærringar denne kvelden. Men sola skin i det fjerne

Advertisements

Comments are disabled.

%d bloggarar likar dette: