Helse på ein kjenning frå NPF forum

  • Dato: -.-.09
  • Kajakk: Valley Aquanaut LV PE
  • Åre: Nissen grønlandsåre
  • Sikkerheit: slepeline, pumpe, reserveåre(Werner Shuna) og vest
  • Bekledning: Tørrdrakt, 1 tynt ulllag
  • Formål: Tur, testing av båt etter padding
  • Lengd/Varigheit:ca 7 km. / ca ukjent antal timar

kjellsund OdinEg og Tor Inge hadde avtalt å møte Odin på Kjellsund for å helse på å padle ein tur, ein bli kjent tur kan ein vel sei.

Då eg å Tor Inge Annkom Kjellsund hadde vi litt problem med å lokalisere Odin, det viste seg at han alt var komen på vatnet å bedreiv litt rulletrening. Så då sjøsatte vi å la i veg.

Eg hadde nett gjort litt tilpassningsarbeid på kajakken å var spent på kor dei ville fungere. Eg hadde laga sparkebrett som sto i 90grader, noko som viste seg å være særs ubehageleg men eg klarte å gjennomføre turen. Så brettet må byggast om. Eg hadde også padda ut hoftepaddingen å dei fungerte perfekt.

Etter at vi hadde padla eit lite stykke så følte eg at eg skulle prøve litt på rulla, den sit fint i basseng å uten drakt. Men heller ikkje i dag klarte eg å få den til med trørrdrakt. Meir øving må til.

Etter runding av Hestholmen fann vi ut at vi måtte padle meir, vi stakk då ut kursen mot Budaneset å la i vei. Når vi hadde padla eit lite stykke blei eg lei av midtfjordspadling å snudde inn mot land i ensom majestet slik at eg fekk litt teknikktrening langs land. Vel framme ved Budaneset runda vi ein holme å la kursen attende mot Kjellsund.

På Kjellsund dreiv vi litt rulle og cowboy trening før vi pakka saman å reiste heim.

 

Tor Inge og Odin ved Hestholmen

Tor Inge og Odin ved Hestholmen

 

 

Odin tek reentry roll og Tor Inge med ein Klassisk Cowboy

Odin tek reentry roll og Tor Inge med ein Klassisk Cowboy

 

Advertisements

Comments are disabled.

%d bloggarar likar dette: